JUS5061 – Domstolar og domsskriving
Kort om emnet
«Domsanalyse og domsskriving» er eit emne der studentane får inngåande kunnskap om den juridiske dommen som tekstsjanger. Dette skal dei oppnå gjennom å læra å analyserer dommar frå både nasjonale domstolar på alle nivå, og Den europeiske menneskerettsdomstolen.
Analysen skal gjelda argumentasjon, og korleis denne vert presentert ved bruk av tekstlege verkemiddel. Analysen skal gjelda argumentasjon, og korleis den vert presentert ved bruk av tekstlege verkemiddel. Faget har difor både eit klarspråk-og ei metodeelement, men gjev ikkeminst ferdigheiter i tekstanalyse og i det å skrive ein god, juridisk tekst. Faget har òg eit historisk og komparativt perspektiv for å visa korleis domssjangeren vert forma på bakgrunn av tradisjon og retts- og domstolssystemet si utforming, som saman skapar samfunnsforventningar.
Studentane viser at dei har tileigna seg denne kunnskapen ved å saman i ei gruppe skriva ein dom som semesteroppgåve, og individuelt reflektera over dommen i ein munnleg eksamen.
Ønsker du faglig fordypning på masterprogrammet i rettsvitenskap? Emnet inngår i profilen Konflikthåndtering og prosess, tvist og straff
Kva lærer du?
Opptak til emnet
Du kan sjølv melde deg til dette emnet dersom du er registrert student ved Universitetet i Oslo og har oppfylt forkunnskapskrava med utdanning frå UiO.
Oppfyller du forkunnskapskrava med utdanning frå ein annan utdanningsinstitusjon, må du søkje om opptak til valemne på masternivå innan fastsette fristar.
Alle søkjarar må oppfylle forkunnskapskrava.
Obligatoriske forkunnskapar
Studentar må oppfylle eitt av desse krava:
- Bestått 1.-3. studieår i masterstudiet i rettsvitskap (eller eksamenar som kvalifiserer for fritak for desse), eller
- Fullført masterstudium i rettsvitskap ved UiO (profesjonsstudium) eller tilsvarande.
Du er unnteken frå forkunnskapskrava dersom du har opptak til eit anna masterprogram ved UiO der juridiske valemne er integrerte i studieprogrammet.
Undervisning
12 dobbelttimer undervisning, hvor første skal skje fysisk, resten gjennomføres digitalt på zoom, undervisninga blir gjennomført av ansvarlig faglærer og med deltagelse av eksterne dommere.
Det er obligatorisk å følgja rettssaka.
Eksamen
Eksamen i emnet er ei mappeinnlevering som består av følgjande element:
- Å skrive ei domsavgjerd saman i ei gruppe.
- Å analysere ei domsavgjerd/domsavgjerder frå ein domstolsinstans saman i ei gruppe.
- Individuell munnleg eksamen der du skal gje ei munnleg analyse av di eiga domsavgjerd, forklare dommen og relatere den til pensum, 30 minutt. Karakter i faget blir sett rett etter den munnlege eksamenen.
Dei skriftlege elementa er utgangspunktet for den munnlege eksamenen.
Det er inga ordgrense på dei skriftlege elementa.
Les meir om eksamen i emnet her.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav blir ikkje forelda.
Det er krav om korrekte referansar til alle kjelder. Gjer deg kjend med korleis du skal utforme referansar i akademiske, juridiske tekstarutarbeidde av Juridisk bibliotek. Bruk av andre sitt materiale på eksamen utan å vise til dette på ein korrekt og tydeleg måte, kan bli rekna som fusk eller forsøk på fusk. Du må vise til alle kjelder du nyttar.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel er tilletne når ein svarar på skriftleg gruppeoppgåve. Reglar for kjeldetilvising er avgjerande for om bruken av hjelpemidla er lovleg.
Under munnleg eksamen vil du ikkje ha tilgang til andre hjelpemiddel enn eiga utskrift av ditt innleverte arbeid i Inspera.
Kandidatar bør òg setje seg inn i informasjon om etiske refleksjonar og samfunnsansvar ved bruk av KI.
Sjå òg UiO si nettside om korleis ein skal bruke KI som student.
Eksamensspråk
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Det juridiske fakultet har utarbeidd ei generell sensorvegleiing som vert nytta ved vurdering i dette emnet.
Høve til ny eller utsett eksamen
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.