ITA1100 – Praktisk italiensk

Kort om emnet

Emnet omfattar oppøving i lytteforståing av audio- og videoregistrerte tekstar, diskusjonar av utdrag frå samtidige tekstar (litterære og frå aviser, o.l.) og konversasjon.

Emnet kan vere eit godt utgangspunkt for studentar som vil styrkje dei grunnleggjande italienskkunnskapane sine både munnleg og skriftleg. Emnet er ikkje eit begynnaremne i italiensk og skal helst takast parallelt med ITA1101 – Italiensk språk.

Kva lærer du?

Etter fullført emne:

  • kan du forstå italiensk og uttrykkje deg både skriftleg og munnleg på eit vidaregående nivå.
  • kan du skrive enkle tekstar på italiensk av ulike slag, til dømes kan du skildre menneske, ting og hendingar, og du kan skrive samandrag av tekstar.
  • kan du fortelje munnleg om menneske, ting, hendingar og situasjonar.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

For å fylgje seminarundervisning, må du ha undervisningsopptak til emnet.

Undervisninga forutset at du har minst nivå II (eller tilsvarande) fra videregående skule, ITA1000 eller ITA0100 – Innføring i italiensk (nedlagt) (eventuelt ITA0101 – Innføring i italiensk 1 (nedlagt) og ITA0102 – Innføring i italiensk 2 (nedlagt)), eller tilsvarande forkunnskapar.

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga vert gitt som seminar med 4 timar i 12 veker. Du må vere førebudd på å arbeide minimum 10 timer i veka med emnet utanom sjølve undervisninga.

Det er krav om obligatorisk aktivitet på emnet: Du må halde eit munnleg innlegg på 5 minutt.

  • Les her om reglar for gyldig forfall og korleis du søkjer om utsetjing. Informasjon om retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.

  • Det er krav om oppmøte til 60 % av seminarundervisinga. I dette emnet må du møte til 14 av 24 seminar. Kravet er absolutt.

    Fråværsgrensa skal dekkje normalt sjukdomsfråvær og liknande. Du får difor ikkje gyldig forfall til undervisinga på grunnlag av legeattest, sjølv om fråværet skuldast hindringar som du sjølv ikkje kan lastast for.

    Dersom emnet har fysisk undervising og du er meld til ei fysisk seminargruppe, skal du møte til undervisinga i rommet som er oppgjeve i timeplanen.

    Dersom emnet har digital undervising og du er meld til ei digital seminargruppe, skal du vere til stades med påslått skjerm.

    I særlege høve, til dømes ved alvorleg eller langvarig sjukdom, kan du søkje om tilrettelegging.

Alle obligatoriske aktivitetar må vera godkjent i same semester.

Godkjend aktivitet er gyldig i inneverande semester og dei to neste semestera emnet vert gitt.

Eksamen

Du må ha godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet før eksamen.

Eksamensforma i emnet er ein skuleeksamen på 4 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane har høve til å bruke eittspråkleg italiensk ordbok og tospråkleg norsk/italiensk ordbok under eksamen. Du har sjølv ansvar for å ta ordboka med til eksamen.

Eksamensspråk

Du skal svare på eksamen på italiensk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 13. mai 2024 20:29:31

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår

Undervisning tilbys siste gang vår 2024

Eksamen
Vår

Eksamen tilbys siste gang haust 2024

Undervisningsspråk
  • Italiensk
  • Norsk