Universitets- og høgskolelova gir spesialreglar på enkelte område som også er behandla i forvaltningslova, for eksempel knytte til klage på eksamenskarakterar. I slike tilfelle er det spesialreglane i universitets- og høyskolelova som gjeld i staden for de generelle reglane i forvaltningslova.
Enkeltvedtak
Eit enkeltvedtak er eit vedtak som gjeld ein eller fleire bestemte personar. Slike vedtak blir fatta når du for eksempel søkjer om studieplass, innpassing, tilrettelegging eller permisjon. Når ei sak eller ein søknad blir avvist, blir det vanlegvis også regna som eit enkeltvedtak.
Forvaltningslova gir reglar om korleis vedtak skal utformast og grunngiast og om korleis vedtaket skal formidlas til den som har sendt inn søknaden.
Klage
Du har rett til å klage over UiO sine vedtak, jf. forvaltningslova § 32.
Kven kan du klage til?
Klagen skal sendast til fakultetet som har fatta vedtaket. Fakultetet vil gjere dei undersøkingane klagen gir grunn til. Fakultetet kan oppheve eller endre vedtaket dersom det finn klagen grunngjeven.
Dersom fakultetet ikkje finn klagen grunngjeven og derfor ikkje gjer om vedtaket, vil klagen bli sendt til klageinstansen, som er UiOs nemnd for studentsaker.
Klagefrist
Klagefrist er tre veker frå den dagen du mottek vedtaket. Du kan be om forlenga klagefrist. Dette gjer du til fakultetet som har fatta vedtaket.
Rett til å kreve grunngjeving
Dersom du meiner at vi ikkje har grunngjeve vedtaket vårt, kan du krevje ei slik grunngjeving før fristen går ut. Ny klagefrist vert då rekna frå den dagen du mottek grunngjevinga.
Innhald i klagen
Du må presisere:
- kva vedtak du klagar over
- grunnen til at du klagar
- den eller dei endringane du ønskjer
Du bør også nevne eventuelle andre opplysningar som kan ha innverknad på vurderinga av klagen.
Rett til å sjå saksdokument
Med visse avgrensingar har du rett til å sjå dokumenta i saken. Reglane om dette finn du i forvaltningslova § 18 og § 19. Du må ta kontakt med fakultetet som har fatta vedtaket. Du vil då få nærare rettleiing om framgangsmåte, om reglane for saksbehandlinga og om høvet til å klage.
Rettleiing frå Studentombodet
Ved behov for råd og rettleiing kan du kontakte Studentombodet. Studentombodet er ei gratis, juridisk veiledningsteneste for studentar. Alle spørsmål vert behandla konfidensielt, og Studentombudet har teieplikt.
Klage til Sivilombodet
Hvis du meiner at avgjerda vår er feil, eller at saken din ikkje er handsama på riktig måte, kan du sende ein klage til Sivilombodet. Sivilombodet kan ikke sjølv endre vedtaket, men kan vurdere vår behandling av saken, og om det er gjort eventuelle feil eller forsømmingar.
Regelverk
- Forvaltningsloven (lovdata.no)
- Universitets- og høyskoleloven av 8. mars 2024 (lovdata.no)