Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet omhandlar tekstar og litteraturhistorie på 1200-talet og 1300-talet. Studentane vil få lese og få kunnskap om sentrale italienske tekstar, med vekt på viktige forfattarar som Dante, Petrarca og Boccaccio.

Kva lærer du?

Når du har fullført dette emnet:

  • har du innsikt i ei rekkje sentrale verk og forfatterskap innen eldre italiensk litteratur
  • har du gjenom lesing av originaltekstar utvikla praktiske ferdigheter i å arbeide med eldre italiensk litteratur

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Ved få påmeldte studenter kan emnet bli avlyst.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

ITA1301 – Italiensk litteratur, innføring eller tilsvarende

Anbefalte forkunnskapar

Gode italienskkunnskaper, helst bestått eksamen i ITA1101 – Italiensk språk

Overlappande emne

Emnet kan overlappe med nedlagte emner og gamle studieenheter av typen semesteremne, grunnfag og mellomfag. Du må selv påse at innholdet i emnet ikke overlapper med studieenheter du tidligere har oppnådd studiepoeng for. Ta evt. kontakt med instituttet ved spørsmål.

Undervisning

Undervisninga vert gitt som 20 timar forelesing (10 dobbelttimar) og 8 timar seminar (4 dobbelttimar) i løpet av semesteret. Kurset føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver. Undervisninga på emnet er felles med ITA4318 – Eldre italiensk litteratur og ITA4328 – Eldre italiensk litteratur.

Emnet har krav om obligatorisk aktivitet: I løpet av undervisninga skal du skrive ei mindre oppgåve på 3-4 sider, som skal leverast innan ein avtalt frist. Aktiviteten må godkjennast av læraren før eksamen.

Godkjend aktivitet er kun gyldig eitt semester.

Les her om reglar for gyldig forfall og korleis du søkjer om gyldig fråvær eller utsetting.

Eksamen

Eksamen på emnet er ei semesteroppgåve på ca. 6-7 sider à 2300 teikn over eit oppgitt tema. Oppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi.

Innlevering i Inspera

Du leverer ditt eksamenssvar i eksamenssystemet Inspera. Les om korleis du skal levere.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Eksamensspråk

Italiensk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakterer publiseres i Studentweb senest tre uker etter eksamens-/innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Rapporter fra periodiske evalueringer

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar vår

Eksamen

Kvar vår

Undervisningsspråk

Italiensk