Billettar til framsyninga Antropolis på alle datoar med 40 % rabatt med rabattkoden: uiokultur.
«Antropolis» er eit storslege maratonteater i fem delar, der gamle greske mytar blir vovne saman til ei moderne forteljing om makt, familie, krig og fest. Den prisvinnande teksten til Roland Schimmelpfennig tek oss med frå byen Tebens oppsving til fall – ein slags «Game of Thrones» møter greske tragediar på Scene 2 våren 2026.
Les meir om framsyninga på nettsidene til Det Norske Teatret.
Framsyninga varer om lag sju timar og er delt i fem delar, med to pausar undervegs. I pausane kan du kjøpe lett måltid og energibar som er tilpassa den lange teateropplevinga.
Slik gjer du
Vel seter og vel ordinær pris for kvart sete. Når du går vidare til betaling, kan du oppdatere feltet for «rabattkode». Der skriv du «uiokultur» og går vidare til betaling. Prisen blir då oppdatert.
Skal du ha med ein ungdom (15–25), rår vi deg til å kjøpe billett til dei til ein endå lågare pris gjennom ungdomsklubben til teatret: Yngda.
Samtale med dramatikaren og omsetjaren
Dagen før noregspremieren, 24. april, kan du òg få med deg ein gratis samtale med dramatikar Roland Schimmelpfennig og omsetjar Øystein Vidnes på Scene 3 kl. 16.00. Samtalen går på engelsk og er open for alle, men det er avgrensa tal på plassar.