UV-nytt veke 18

Denne veka inviterte dekanatet til første "The Oslo Dialogues on Educational Futures"-seminar i Professorbustaden, det tverrfaglege teamet bak EVA2020 sette eit førebels punktum for evalueringa av læreplanverket og me gjekk atter ein gong litt bananas på sosiale medium. 

""AKTUELT

Ola

Dialogen har starta: Måndag arrangerte dekanatet sitt første "The Oslo Dialogues on Educational Futures"-seminar, ei av hovudsatsingane sine. Målet med serien er å sjå på dei store samfunnsutfordringane og kva utdanningsvitskap kan bidra med. 

Arrangementet samla forskarar, forvalting og utdanningsfeltet i Professorbustaden til dialog om barn og unge, sosiale medium og oppvekstkultur. Ein av hovudgjestane var professor Julian Sefton-Green (bildet under), som leier det internasjonale rådet for evalueringa av Australias 16-årsgrense på sosiale medium – eit høgaktuelt tema! Han bidrog med internasjonale og forskingsbaserte perspektiv på regulering, oppvekst og psykisk helse i ein digital barndom. 

Julian

Deltakarane var samde om at eit snarleg forbod verken er forskingsbasert eller klokt.

– Dialogane på seminaret viste korleis eit forbod mot sosiale medium er meint å ansvarleggjere teknologiselskapa, men òg at handteringa av slik regulering er samansett, og at utdanning og kompetanseutvikling blant barn og unge er heilt sentralt, seier Ola Erstad.

Skulebasert rettleiing er eit løft for profesjonsfelleskapet og praksisfeltet, seier inspektør ved Jordal skole i denne aktueltsaka.

Kort forklart frå Det virker! Kva er eigentleg respons på intervensjon? Det svarar IPEDs Åste Marie Mjelve Hagen på.

16 års aldersgrense, eller ...? Kva kan vi gjere i staden for å forby sosiale medium for barn under 16? Det svarar konstruktive IPED-forskarar på i Aftenposten denne veka.

Tips til lekker praksisnettside! IPED har nyleg oppdatert nettsidene om praksistilbodet for masterstudentar. Innhaldet er samla, strukturert, forbetra og søkemotoroptimalisert for å gjere sidene meir oversiktlege, oppdaterte og brukarvenlege for både praksisverksemder og studentar. Sjå, les og bli inspirert!

"La usikkerheten forme politikken", skriv IPEDs Eevi Beck saman med kollega i Klassekampen. "Det at vi ikkje forstår alt om klimaendringane bør ikkje gjere det vanskelegare å handle politisk, men lettare", meiner dei.

WebSak er open: Denne veka har UiO bytta saks- og arkivsystem frå Elements til WebSak. Treng du opplæring eller vil vere med på arbeidsstove? Her er det mykje å velje i.

EVA2020 er ute i verda. – Kanskje har vi noko å lære av dei gamle læreplanane, sa Berit Karseth, pedagogikkprofessor og viserektor for studiar, på eit frukostseminar tysdag. Arrangementet sette eit førebels punktum for evalueringa av læreplanverket. 

Delrapportleiarane.
Delprosjektleiarane i EVA2020: Rolf Vegar Olsen (t.v.), Berit Karseth, Anniken Furberg, Christian Brandmo og Ann Elisabeth Gunnulfsen. 
Scene Domus Bibliotheca.
– Fellesskulen er vår viktigaste samfunnsinstitusjon, sa ILS-professor Anniken Furberg då ho ynskte ein fullsett sal velkomen til Scene Domus Bibliotheca.

Etter over fem år med evaluering av fagfornyinga har Berit Karseth, Anniken Furberg og dei andre forskarane i EVA2020-prosjektet vorte kritiske til kompetansebaserte læreplanar. Samtidig åtvarar dei mot for mykje styring, då det kan svekke legitimiteten til læreplanen.
 

""

ARRANGEMENT

19 May: Trial lecture and public defence: Ola Krogh Halvorsen
Master Ola Krogh Halvorsen at the Department of Special Needs Education will be defending the thesis "Early childhood experiences and academic outcomes: The importance of socio-economic background" for the degree of PhD.

21 May: CREATE OpenSeminar
This seminar will be held by Emma Hart. In her talk, she will present new meta-analytic data on the long-run effects of RCT-evaluated educational interventions, examining how common fadeout is, and whether it generally precludes long-run impacts on adult outcomes. 
 

TIPS! 

Sjekk UV-nytt-lista for tidlegare annonserte arrangement 

Leier du eit prosjekt der du forskar på menneske eller persondata? UV piloterer for tida ein forskingsetisk komité. Les meir og ta kontakt om du treng råd.
 

""FINANSIERING 

SCANCOR Stanford for Winter 2027 starting January 2027
Applications for Winter 2027 at SCANCOR, Stanford University. More detailed information may be found here. The deadline for application is May 1, 2026.

SCANCOR Harvard for Spring 2027 starting January 2027
The application portal for spring 2027 or full year residencies at SCANCOR at the Weatherhead Center is now open. More detailed information may be found here. The application deadline is May 1, 2026.

Årets tematiske NFR-utlysingar
Frist 27. mai for tematiske utlysingar, særleg to er relevante for UV:

""LEDIGE STILLINGAR 

Ledige stillingar ved UV.
Takk til alle som hjelper oss å spreie UVs ledige stillingar!
 

""SOSIALE MEDIUM

Vekas nyheit om regjeringa sitt forslag til 16‑årsgrense på sosiale medium har òg nådd … ja, sosiale medium. 

Saman med den australske professoren Julian Sefton‑Green har vi laga ein engelskspråkleg video om forslaget 👇 Kanskje når vi heilt til «down under»?

 

TIPS OSS: Hugs å tipse oss om stort og smått som skjer på fakultetet, til tips-uv-nytt@uv.uio.no, før kl. 14 kvar torsdag. 

 

Emneord: nyheitsbrev, nyhetsbrev, uv-nytt Av Monica Bjermeland (tekst og foto)
Publisert 30. apr. 2026 13:29 - Sist endret 11. juni 2026 08:34