Veksthuset for verdiskaping skal ha 16 kontorplassar i ope landskap og eit cellekontor i Livsvitskapsbygningen. Teikninga viser plassering på felt 7 plan 2:

Praktisk om arbeidsplassar
- Arbeidsbord: 160cm x 80cm
- Lagring i eitt uttrekkbart skap (tårn)
- Hyllemeter: 40–50 cm x 3= 120–150 cm
HMS-kurs for tilgang til bygningen
Alle må ta digitalt HMS-kurs innan 30. juni for å få tilgang til Livsvitskapsbygningen.
Du får tilgang til kurset via Canvas ved først å melde deg på i dette nettskjemaet.
Når du har tatt kurset, fyller du ut info om det i samme dokument som ferielista sendt på e-post 3. juni og legg òg inn kortnummer. Leiar sjekkar at det er registrert i DFØ. Direktør sender kortnummer til vakt- og alarmsentralen.
Flytting
- Flyttekasser:
- 2 flyttekasser + eiga flyttekasse til datautstyr for landskapsplassar (9+1 for cellekontor)
- Kassene står på stillerom inst i lokalet i H2.
- Vi får òg ferdig utfylte merkelappar som skal setjast på kortsida av kassene. Merkelappane kjem veke 27. Om du pakkar før dette merker du kassene med post-it-lapp. NB: Du skal ikkje skrive direkte på kassene, dei skal gjenbrukast!
- I IT-kassa pakkar du: skjerm, hodetelefonar, tastatur, mus, kablar
- Bruk bestilt bobleplast til skjermar som er for store for kassene. Merk tydelig.
- Ta med heim og ta med sjølv til nytt kontor: bærbar datamaskin og ladar, mobilladar, anna personlege eigedelar
- Maks 20 kilo per kasse
- Anna
- Servise og kjøkkenutstyr skal ikkje flyttast, vi får nytt i bygget.
- Møteromma våre i H2 i Forskningsparken i skal vere operative ut 2026 og skal ikkje pakkast ned.
- Pakkefrist: tirsdag 4. august 2026, pakk før ferien om du ikkje er på jobb i august og plasser kassene ved eigen arbeidsplass
- Flyttedato: onsdag 5. august
- Første arbeidsdag i bygget: torsdag 6. august
Ibruktakelse
Informasjon om onboarding kjem, det blir både digital onboarding, fysisk møte og opplæring i bruk av teknisk utstyr i romma.
Informasjon om korleis ein bestiller møterom og rom for arrangment kjem òg.
Om Veksthuset for verdiskaping
- jobbar for å styrke innovasjonskulturen ved UiO
- hjelper forskarar og studentar med å modne innovasjonsidear i tidleg fase
- er eit samarbeid mellom Det medisinske fakultet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
- har open dør for forskarar og studentar; leiarar og administrativt tilsette som støttar innovative forskarar; samt eksisterande og nye eksterne samarbeidspartnarar.
- samarbeider tett med institutta ved UiO og universitetssjukehusa samt med teknologioverføringskontoret Inven2, næringsklynger, inkubatorar og næringsliv i innovasjonsøkosystemet vårt.