- Kva forskningsprosjekt er du djupt involvert i akkurat nå?
- Har akkurat gjort ferdig to arbeid som studerer tiltak for å få folk til å betale den skatten dei er ilagt.
- Kva vil du finne ut/kartlegge?
- I det eine arbeidet estimerer me effekten skattekontroll har for framtidig innrapportering av skattbar inntekt for skattebetalarar som på eige hand har ført opp høge inntektsfrådrag. Dette er skattebetalere som skatteetaten, basert på avanserte prediksjonsmodellar, meiner har høg risiko for å ha gjort feil i skattemeldinga (har for høge frådrag).
- Me ynskjer å finna ut om kontroll i eitt år har effekter i etterfylgjande år for dei kontrollerte. Det finn me at er tilfelle.
- Den langsiktige åtferdseffekten er like stor som korreksjonen i det året dei vert kontrollerte. I det andre arbeidet samanliknar me effekten av skattekontroll med eit mjukare virkemiddel der skatteetaten sender ut brev som oppmodar dei som har har ført opp høge frådrag om å sjekka at dei er gyldige, og endre meldinga om dei ikkje er det.
- Kvifor er det viktig?
- Det forskningsmessig utfordrande å identifisera langsiktige atferdseffekter av skattekontroll. Slike estimat treng ei kontrollgruppe som ikkje vart kontrollert av skatteetaten, men som ellers er lik dei kontrollerte. Det er krevande og difor interessant. Den viktigaste oppgåva til skatteetaten er å sikra at folk betaler skatten dei etter lova skal betale. Eit effektivt rettvist skattesystem krev at alle betaler sin pålagte del. Samstundes er det kostbart å gjennomføre skattekontroll og difor viktig å finna ut kva tiltak som verkar best.
- Kven jobbar du med?
- På dette prosjektet har eg arbeidt med forskerarar frå Frisch Senteret og to frå forskningsavdlingen i skatteetaten.
- Kva ser du etter når du vel samarbeidspartnarar?
- Dei fleste samarbeid, i alle fall for min del, skjer vel meir organisk heller enn som ein stor strategisk plan. Me snakkar saman om interessante problemstillingar, teoriar og data og så - om det klaffar - har me eit arbeid på gang.
- Kva andre forskningsprosjekter er du involvert i?
- Eg har akkurat gjort ferdig ei litteraturoversikt om intergenerasjonell mobilitet. Det er ein stor litteratur, både i økonomi og sosiologi, som studerer i kva grad inntekt, utdanning og andre sosioøkonomiske markører vert overført frå ein generasjon til ein annan.
- Her møter me dei store spørsmåla i samfunnet og samfunnsvitskapen, om ulikskap, om gener og miljø og i kva grad folk, uavhengig av status til foreldre, har like sjansar til å utvikla evner og får realisert sitt potensiale.
- I eit anna prosjekt studerer me produktivitets- og lønnsskilnader i ei einskild bedrift. Så her er det både stort og smått.
- Kva er det mest interessante ved å vere forskar, slik du ser det?
- Det er at eg stadig får sjansen til å lera nye ting, ikkje minst gjennom samarbeid med andre inspirerte og kunnskapsrike forskarar.
- Kva er det vanllegaste spørsmålet du får om arbeidet når du er på middag med vener og frammande?
- Det veit eg ikkje. Snakkar ikkje så mykje om sjølve jobben, heller om dei spørsmåla og problema eg granskar (ikkje skatt då begynnar folk å geispa).
- Kven vil du gje stafettpinnen vidaree til for å svare på dei samme spørsmålene - på ein annen ening på SV og kvifor?
- Den gjev eg til Maren Toft på institutt for sosiologi og samfunnsgeografi. Eg veit ho er ein dyktig forskar som studerer sosial mobilitet frå eit sosiologisk perspektiv.
Samfunnsøkonomar og sosiologar arbeider paralellt med desse problema og det er altfor lite kunnskapsoverføring mellom disiplinane.