English version of this page

Kort møte med Christopher Rettedal Fardan

Christopher Rettedal Fardan blir motivert av inspirerande kollegaar ved C-REX og er i ferd med å gje ut ei bok om den prisvinnande doktorgradsavhandlinga si.

Cristopher Rettedal Fardan

Sandnes-guten Cristopher Rettedal Fardan
lauper inn til pers på halvmaraton med tida
1:14:18. Foto: Espen A. Eik.

– Kva opptek deg akkurat no?

– Eg er i innspurten av eit prosjekt kor doktorgradsavhandlinga mi skal publiserast som bok i serien Routledge Studies in Fascism and the Far Right. Samstundes jobbar eg med to kapittel om høgreekstremisme og demokratisk motstandskraft til ei redigert fagbok som skal gjevast ut av Senter for ekstremismeforsking (C-REX). Innimellom gjer eg òg ulike formidlingsoppdrag. Dei siste månadene har eg mellom anna presentert forskinga mi til Voksenopplæringsforbundet, Støttegruppa etter 10. august og politiet. Dette opplever eg som veldig meiningsfulle arbeidsoppgåver!

– Viss du skal forklara ein person på åtte år kva du driv med på jobb i tre korte setningar, kva vil du seia?

– Jobben min handlar om å forstå kva som gjer at nokon menneske hatar andre menneske på grunn av korleis dei ser ut, kva dei trur på eller kven dei vil vera kjærastar med. Det kan skuldast at ein vert lurt til å tru at nokon menneske er betre enn andre. Eg vonar at jo meir me skjønar av dette, desto flinkare vert me til å vera venar og respektera kvarandre.

– Kva motiverer deg i jobben?

– Det gjev stor motivasjon å jobba med dyktige kollegaar ved C-REX som både utfordrar, inspirerer og støttar! Eg forskar på det som diverre verkar å vera eit evigaktuelt tema: høgreekstremisme. Eg motiverast av at kunnskapsproduksjonen kan nyttast til å førebyggja at folk sluttar seg til idear som avviser demokratiet og menneskerettane. Eg er særleg oppteken av å formidla korleis rasisme og avhumanisering har destruktive fylgjer for fridomen og liva til minoritetane som vert ramma. I tillegg til å inspirera til politisk motivert vald og terrorisme, skaper sånne haldningar frykt og hindrar demokratisk deltaking og engasjement.

– Om du skulle blitt noko heilt anna, kva kunne det vore?

– Alle universitetsgradene mine (på bachelor-, master- og doktornivå) er i sosiologi, så livet er openbert fint som sosiolog. I alle dei større prosjekta eg har gjennomført har eg brukt etnografisk metode, så måtte eg valt ein annan fagdisiplin ville det nok vorte antropologi. Eg kan likevel ikkje garantera eit heilt liv i akademia, og eg er open for å bruka kompetansen min i andre sektorar. Til dømes vil ein fast og trygg rådgjevarstilling i staten appellera til meg!

– Kva gjer du når du koplar heilt av?

– Eg lauper (sånn som mange andre sandnesgaukar)! I snart tjue år har eg vore aktivt medlem i ulike friidrettslag, både som utøvar og friviljug. Dei inkluderande verdiane i idretten betyr mykje for meg, spesielt lauping med uthald, rutine og samhold. Eg tykkjer Murakami seier det godt i boka What I Talk About When I Talk About Running: «I just run. I run in a void. Or maybe I should put it the other way: I run in order to acquire a void.»

Publisert 28. apr. 2025 12:16 - Sist endret 17. juni 2026 13:59