GDPR – Nytt, norsk personvernregelverk

EU har vedteke eit nytt og omfattande personvernregelverk – General Data Protection Regulation (GDPR) – som også vil gjelde i Noreg frå 25. mai i år.

Regelverket skal etter planen bli ein del av norsk lov frå same dato og vil bety noko for alle som forvaltar informasjon som inneheld personopplysningar.

Regelverket gir eit felles europeisk regelverk for personvern og skal styrke europeiske borgarars rettar. Regelverket skal også styrke tilliten til digitale tenester og samtidig gjere det enklare å utveksle personopplysningar over landegrenser.

Merkbare endringar

På UiO har vi starta eit prosjekt for innføring av det nye personvernregelverket. Prosjektet skal leggje til rette for at universitetet sine prosedyrar, rutinar og praksis, knytt til handtering av personopplysningar, er i tråd med det nye regelverket. 

– Det vil bety at for dei som forvaltar informasjon som inneheld personopplysningar her på UiO, kan forvente endringar. Heldigvis har vi på UiO hatt fokus på å halde oss innanfor personvernregelverket opp gjennom åra. Det betyr at endringane forhåpentlegvis ikkje blir drastiske, men dei vil bli merkbare, seier prosjektleiar og jurist Maren Magnus Jegersberg. 

Innføring og opplæring

Ho har fått i oppgåve å leie ei utgreiing av konsekvensane av eit nytt regelverk på UiO. 

– Prosjektet skal identifisere endringsbehov og sørge for innføring av regelverket. Når dette er i boks, vil vi gå i gang med opplæring av dei tilsette, seier ho.

– Arbeidet er viktig for UiO fordi det betyr endringar i arbeidskvardagen for både administrativt og vitenskapeleg tilsette, samt studentar. Vi er endå i startfasen, men vi gler oss til å gjere personvernet til oss alle på UiO endå sikrare, avsluttar ho.

Du kan lese meir om prosjektet på denne nettsida. Nettsida vil bli oppdatert med relevant informasjon etter kvart som prosjektet går framover.

Vidareføring av dagens lov

Mykje av ny lov er ein vidareføring av dagens personopplysningslov. Dersom du ikkje har gjort det allereie, anbefaler vi difor at du tek ein kikk på UiO sine eksisterande personvernsider.

Nyttige lenker:

Publisert 8. jan. 2018 10:37 - Sist endret 9. jan. 2018 12:49