Europavisjonar på Det norske teateret

Powerdress eller paljettar? I førestillinga Europavisjonar møtest politikk og Eurovision Song Contest. Teatertilbod til ansatte ved UiO fra Det norske teateret for datoane: 4. og 7. mars. 
Siste frist for å nytte tilbodet er 25. februar.

Forestillingsplakat

Eurovision Song Contest i ein songkonkurranse med skarp politisk brodd, der humor og djup alvor går opp i ei høgare eining.

Billettar til framsyninga Europavisjonar til kr. 350 (ord. pris kr. 775)

Siste frist for tilbodet er 25. februar.

Bestill og få tilbodet på billettar til tysdag 4.3 her

Bestill og få tilbodet på bilettar til fredag 7.3 her

Skal du ha med deg en ungdom (15-25) anbefaler vi å bestille deres billetter til en enda lavere pris gjennom teaterets ungdomsklubb: Yngda.

 

Det blir show!

Bak manus og regi står Simen Formo Hay, Oda Radoor og Johan Hveem Maurud. I 2023 sette Formo Hay og Radoor i scene Døden på Oslo S på Økernsenteret for Nationaltheatret. Framsyninga fekk Heddaprisen for «Årets teaterforestilling».

I 2025 tek dei Eurovision-entusiasmen inn på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Med eit stort ensemble og kunstnarleg lag skal dei no kople Europas nyare historie opp mot Eurovision Song Contest i ein songkonkurranse med skarp politisk brodd, der humor og djup alvor går opp i ei høgare eining. Berlinmurens fall, 90-åras marknadsliberalisme, finanskrise, flyktningkrise, krig og fred. Alt presentert i eit energisk show, gjennom musikknummer med song, dans, triks og overdådige kostyme!

Publisert 21. feb. 2025 11:11 - Sist endra 26. nov. 2025 13:26