E-postlister og grupper knytta til undervisningsemne

Opplysningar om studentar, gruppelærarar og faglærarar frå Felles Studentsystem (FS) styrar mykje av tilgangen til ressursar ved UiO og Institutt for informatikk. Det gjeld mellom anna Devilry, e-postlister for dei ulike emna, Mattermost, nettgruppetilknyting osv.

E-postlister

Meldlemskap i e-postlistene vert oppdatert automatisk med både studentar og gruppelærarar/faglærarar, så snart all informasjon er registrert riktig i FS. E-postlistene kan brukast til å sende e-post til studentar i eit emne eller ei gruppe, gruppelærar i eit emne/gruppe, alle gruppelærarar i eit emne, eller til faglærarane.

Viktige vilkår for utsending til e-postlister

  • Du kan kun sende e-post til ei liste om gangen. Dersom du skal sende same e-post til fleire lister må dette gjerast separat.
  • E-post til listene på forma studenter.<noko>@ifi.uio.no, blir berre levert dersom  avsendar også er med på lista, eller er registrert som forelesar eller gruppelærar i emnet. Dette betyr at du må bruke UiO-adressa di ved utsending.
  • Alle student-adressar har sperre dersom det er fleire enn 50 mottakarar på lista. Berre tilsette, gruppelærarar og studentrepresentantar kan sende e-post til så store lister.

Tilgjengelege e-postlister

  • emne-gruppe@ifi.uio.no sendast til gruppelærar(ar) for ei gitt gruppe/emne. Eksempel: in1000-12@ifi.uio.no
  • emne-grl@ifi.uio.no sendast til gruppelærar(ar) samt kursleiinga i eit gitt emne. Eksempel: in1000-grl@ifi.uio.no
  • studenter.emne-gruppe@ifi.uio.no Sendast til alle studenter i ei gitt gruppe/emne. Eksempel: studenter.in1000-12@ifi.uio.no
  • studenter.emne@ifi.uio.no sendast til alle som er melde i eit gitt emne. Eksempel: studenter.in1000@ifi.uio.no

Utfasa e-postlister

FS har erstatta utsending til e-postlister per studieprogram. Grunna krav om kontroll på utsendingar med omsyn til moderering og begrensa bruk, er dei programvise e-postlistene utfasa. FS løyser behova for filtrering og arkivering.

Faglærarar kan kontakte studieadministrasjonen for å sende ut e-post til heile kull eller studieprogram. Ei anna kanal er beskjedar på programsida. Lenke til nettsider vil løyse behov for lengde over 4000 teikn eller spesielt oppsett.

Nettgrupper

I praksis inneheld nettgrupper tilnærma same informasjon som e-postlistene. Innhaldet av ei nettgruppe kan hentast ut med kommandoen lsng på ei Linux-maskin. Medlemskap i grupper kan blant anna brukast til å styre tilgang til ressursar.

Tilgjengelege nettgrupper

  • gemne  Alle gruppelærarar og kursleiinga i eit gitt emne. Eks. gin1000.
  • gemne-gruppe  Gruppelærar(ar) i ei gitt gruppe/emne. Spesialtilfelle: Gruppe 0 er kursleiinga Eks. gin1000-12
  • semne-gruppe  Alle studenter som er melde opp i ei gitt gruppe/emne. Spesialtilfelle: Gruppe "e" inneheld studentar som kun er melde opp til eksamen. I emner utan gruppeundervisning blir alle studentane lista opp i gruppe 0. Eks. sin1000-12
  • semne  Alle studentar som er melde opp i eit gitt emne. Eks. sin1000
Publisert 23. mars 2021 13:03 - Sist endret 23. aug. 2021 16:59