Omsetjing til nynorsk

UiO har inngått rammeavtale med eit omsetjingsbyrå. Du kan òg laste ned programvara Nyno som omset tekstar automatisk.

Omsetjingsbyrå

For profesjonell hjelp til omsetjing frå bokmål til nynorsk kan ein nytte Semantix Translations Norway AS. Rammeavtala med byrået er bindande for alle administrative omsetjingar. Den enkelte eininga må sjølv dekkje kostnadene.

Automatisk omsetjing i Nynorsk

For mindre omsetjingar kan Nyno vere eit godt alternativ. Nyno kan ein installere på pc-en og bruke direkte frå Word. Setning for setning arbeider programmet seg gjennom teksten og kjem med forslag til nynorsk omsetjing. Eit dataprogram kan aldri erstatte ei profesjonell omsetjing, og det kan difor vere greitt å bruke omsetjingsbyrå for krevjande tekstar.

UiO dekkjer inntil vidare Nyno-lisensar for alle tilsette. Send e-post til programvare@usit.uio.no for å bestille lisens. Hugs å oppgi brukarnamn. Ta kontakt med lokal-IT dersom du treng hjelp med installasjon.

Kontakt

nettredaktor@uio.no

Publisert 6. juli 2010 09:47 - Sist endret 3. juli 2023 13:02