UV-nytt veke 7

Hjelp oss å gjere arbeidsmiljøet og internkommunikasjonen endå betre! Denne veka er vi kravstore og sender deg to viktige undersøkingar vi håpar du vil bruke nokre minutt på. Men vi byr også på mange godbitar: ny podkast, nytt tidsskrift, nye ph.d.ar, nytt verv og ny fagartikkel i Bedre Skole. God lesnad!

 Bildet kan inneholde: terrestrisk plante, font, aqua, mønster, symmetri.AKTUELT

Contribute to improving our work environment! – A good work environment promotes good health and is simultaneously crucial for achieving good results, says Rita Hvistendahl.

 

Sei meininga di om internkommunikasjon! Vi håpar at du også vil ta deg fem minutt til å svare på denne undersøkinga. Korleis brukar du og kva tenker du om dei interne kanalane våre og den interne kommunikasjonen i dag? 

Fagartikkel om utforsking. Korleis fungerer utforsking i norsk- og engelskfaga? ILS' Katherina Dodou, EDUCATE-forskar, skriv om dette i nyaste Bedre Skole. 

Sei frå om læringsmiljøet! Vi ynsker at UV og UiO har eit trygt og engasjerande læringsmiljø og treng ros og ris frå deg for å bli betre til å ta vare på studentane våre. 

Ny podkastepisode: Kva er Tourettes syndrom? Prisløna SpedAims er ute med ny episode av Det virker! Perfekt for ein roleg skitur i vinterferien, eller på bana til jobb.

Nytt tidsskrift ved fakultetet! Du har sikkert høyrd om ILS-tidsskriftet Acta Didactica Norden. No har IPED pusta nytt liv i sitt gamle tidsskrift, Speki. Nordic Philosophy and Education Review også. Vi ynsker begge redaksjonane lykke til med produksjonen i år!

Gjevt verv til Sjøberg. Professor emeritus Svein Sjøberg ved ILS er utnemnd som medlem av priskomiteen til den internasjonale utdanningsprisen Yidanprisen i perioden 2024 til 2026. Prisen vert delt ut på to område, «Education Research» og «Education Development», og i begge kategoriar mottek vinnaren 30 millionar Hong Kong-dollar. 

Berekraft og medborgarskap. Gjekk du glipp av UV-arrangementet dagen før berekraftkonferansa SDG i Bergen førre veke, der eit stjernelag frå heile UV deltok? No kan du sjå opptaket her. Deltakarar var IPEDS Berit Karseth og Inga Bostad, ISPs Francis Vergunst og ILS' Anniken Furberg og Ole Andreas Kvamme. 

 

""ARRANGEMENT

Disputas 28. februar: Wangqiong Ye

Master Wangqiong Ye ved CEMO Senter for pedagogiske målinger vil forsvare sin avhandling «Academic Resilience in International Education Studies. Validity Challenges and Methodological Considerations».


Disputas 29. februar: Elisabeth Josefine Lackner 

Master Elisabeth Josefine Lackner ved Institutt for pedagogikk vil forsvare sin avhandling «Governing for Quality – A Study of the Governance of Quality in Norwegian Higher Education».

""NYTT FRÅ IDEA

Gjekk du glipp av workshopen vår om KI i undervising? Vi har no oppdatert arrangementnettsida med presentasjons-fila og ekstra ressursar. Klikk deg inn og finn ut korleis du kan lage leietekstar (prompts) og bruke GPT UiO i undervisinga.

Hald deg oppdatert om IDEAs komande workshops ved å besøke IDEA Arrangement-sida.

 

""FINANSIERING 

Søknadsfrist 15. mars: SYLFF-utlysinga for våren 2024 er ute. Utvalde kandidatar innan humaniora, samfunnsvitskap, jus, utdanningsvitskap og teologi, helst på ph.d.-nivå, kan få dekka kostnadar til utanlandsopphald

 

Bildet kan inneholde: font, bildekk, murverk, terrestrisk plante, mønster.LEDIGE STILLINGAR 

Det er utlyst fleire stillingar ved UV. Vi sett pris på all innsats med å spreie stillingane ved UV. Takk til alle som hjelper oss å dele!

 

""SOSIALE MEDIUM

Følg oss, lik, tagg og del!

X: Denne veka fullførte dei aller første studentane pedagogikkemnet i berekraft, som er ein del av UiOs berekraftsertifikat. IPEDs Anja Amundrud (bildet) er nøgd med første runde og gler seg til neste kull.  

Anja Amundrud og studentar. Foto

 

Emneord: uv-nytt, nyhetsbrev, nyheitsbrev Av Monica Bjermeland
Publisert 15. feb. 2024 14:40 - Sist endret 15. feb. 2024 14:40