Møt Sehoya Harris Cotner

Sehoya har vore professor II i CELL sidan 2022 og jobbar med Sense of Belonging.

portrett av kvinne i skinnjakke ute.

Hils på Sehoya! Foto: Sigrun Sæbø Åland/UiO.

Til vanleg er Sehoya senterleiar for BIOCEED, Universitetet i Bergen sitt Senter for fremragende utdanning i biologi. Denne hausten har CELL gjennomført ei læringsmiljøundersøking med mål om å kartlegge korleis miljøet og kjensla av tilhøyrsle oppfattast av studentane på juridisk fakultet. Sehoya har ei 10% stilling som professor II knytt til dette prosjektet. Ho har tidlegare arbeida med liknande undersøkingar ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Minnesota og er særs interessert i korleis kjensla av tilhøyrsle kan forbetre studentprestasjon.

Sehoya har studert froskar i Amazonas og skreiv Ph.D. om dette temaet. Medan ho var der var ho uheldig å kutte seg på si eiga machete, og viser gjerne fram arret til dei som spør. Ho kan og fortelje at familien hennar hadde eit flygeekorn som kjeledyr då ho var lita, og at ekornet vart ein kjær kamerat.

Publisert 9. okt. 2023 09:55 - Sist endret 9. okt. 2023 09:56