Studiestart, smittevern og munnbind

Les instituttleiar si helsing til Helsam i samband med haustsemeteret 2020. 

Foto: Øystein Horgmo, UiO

Kjære alle,

Det nye semesteret er i full gang ved Helsam og tilsette er igjen tilbake på kontoret. Undervisninga er primært digital, sjølv om det også blir forsøkt hybridmodellar for Avansert geriatrisk sjukepleie og for Master i helseadminstrasjon.

For oss andre er det fint å endeleg kunne treffe kvarandre fysisk på jobb. Det er viktig for arbeidsmiljøet. Samtidig skal vi hugse på at situasjonen framleis er usikker. Det beste vi kan gjere for å førebyggje smitte er å hugse å halde avstand, hyppig handvask, samt å ha låg terskel for å halde oss heime dersom ein ikkje føler seg bra.  

Studentar og tilsette som mistenker Covid-19-smitte, kan no teste seg ved SiO sin teststasjon på Frederikkeplassen, Blindern. Ring: 22 85 33 00.

Bruk av munnbind, særskilt for dei som reiser kollektivt, har også vore eit omtalt tema den siste tida. UiO har eingongsmunnbind tilgjengeleg. Ta kontakt med Gry, Mari eller Christian dersom du har behov for dette i arbeidstida.

UiO skal også ha bestilt munnbind for gjentatt bruk, som vil bli delt ut til tilsette som ønskjer og har behov for det. Akkurat når dette vil skje og korleis dette vil bli organisert ved Helsam vil vi kome nærare tilbake til.

Og med dette, ønskjer eg dykk alle god helg!

Terje

 

Publisert 28. aug. 2020 12:40 - Sist endret 22. apr. 2024 12:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere