Arbeidsmarknadstiltak

Intern personalhåndbok ved UiO

10.1 Inntak

Det er den lokale arbeidsstad som tek avgjer om tiltaksplass.

Inntak kan skje ved at:

  1. NAV tek kontakt med Seksjon for lønn eller fakultet/institutt/avdeling.
  2. UiO vender seg til NAV og spør etter personar med aktuelle kvalifikasjonar.
  3. Den arbeidssøkande tek sjølv kontakt med UiO.

10.2 Nytilsetjing

  • Når UiO i samarbeid med NAV har bestemt å tilsetje ein person, blir papira oversendt Seksjon for lønn.
  • Personalkonsulent ved den enkelte enhet har ansvar for å lage arbeidsavtale og tilsetjingsbrev som signeres av lokal arbeidsgjevar og arbeidstakar. Dersom vedkomande arbeidstakar har rett til medlemsskap i SPK, må det gå fram i tilsetjingsbrevet.
  • Enheten sender arbeidsavtale, tilsetjingsbrev, personalopplysningar, kopi av tilsagn og skjema for Bekreftelse på tiltredelse til Seksjon for lønn:
    • 1x (original) av arbeidsavtale og tilsetjingsbrev går til arbeidstakar
    • 1x (kopi) av arbeidsavtale går til NAV

10.3 Forlenging

  • Lokal arbeidsstad har ansvar for å søke NAV om forlenging når det er behov og ynskje om det. NAV sender nytt tilsagn direkte til OPA. Originalen går til ansvarleg for NAV-saker i OPA, som vidaresender det til lokal enhet.
  • Lokal enhet skriver brev om forlengelse med kopi til Seksjon for lønn og NAV.

10.4 Sjukdom

  • Blir den tilsette sjuk, kjem han/ho inn under same regelverk som for andre tilsette med omsyn til levering av eigenmelding og sjukmelding.
  • Arbeidsstaden sender desse til Gruppe for fravær og NAV-refusjoner i Seksjon for lønn.
  • Den lokale arbeidsplassen bør gje melding til NAV om langtidssjukmelding slik at arbeidsforholdet blir stoppa. Dette for at vedkomande ikkje skal ”bruke opp” rettane sine (arbeidstrening m.m.) i NAV.

10.5 Opphør/slutt

  • Tilsette på tiltak gjennom NAV har ei vekes oppseiingstid. Oppseiing går til personalkonsulent ved lokal arbeidsstad som straks tek kontakt med lønnsbehandlar. Melding om fratredelse (word) skal fyllast ut og sendast Seksjon for lønn.
  • Alle som har vore tilsette i eit år eller meir har krav på skriftleg melding når engasjementet tek slutt. Lokal personalkonsulent har ansvar for at slik melding blir sendt.
  • Når nokon sluttar før tilsagnsperioden er ute, må personalkonsulent ved lokal enhet ta kopi av tilsagnet, skrive ein merknad om at vedkomande har slutta, attestere og sende meldinga til NAV.
  • Spørsmål til Aetat kan rettast til saksbehandlar som er oppført på tilsagnet.

10.6. Refusjon av lønnsmidler

  • Lokal enhet sender refusjonskrav til Seksjon for lønn som videreformidler denne til NAV.

 

Publisert 16. jan. 2014 15:34 - Sist endret 6. mars 2017 08:45