Retningslinjer for bruk av kronetillegg for midlertidige tilleggsoppdrag ved MN

Innledning

Retningslinjene er ikkje meint som en oppfordring til auke i dagens bruk av slike tillegg, men som ei orientering om korleis desse tilleggene blir brukt rundt om på fakultetet, samt forslag til kva slags arbeidsoppgåver som kan tenkas honorert, og kva slags nivå det i så fall kan være rimelig å bruke.

Det er viktig å merke seg følgjande:

  • Kronetilegg for midlertidige tilleggsoppdrag gir kompensasjon for midlertidig ekstra belastning. Når det gjelder øvrige lønnsendringar, skal disse evt. skje med heimel i Hovedtariffavtalens § 2.5.1, eller § 2.5.3.
  • Det er berre enhetsleiinga (instituttleder/kontorsjef) som kan foreslå kronetillegg.
  • Forslaget skal godkjennas av fakultetsleiinga.
  • Evt. tildeling skjer først etter forhandlingar mellom UiO ved Avdeling for organisasjon og personal og hovedorganisasjonene.

Skjema for lønnstillegg for midlertidige tilleggsoppdrag sendes på epost  til saksbehandlar på HR som tar seg av den vidare saksbehandlinga.

Retningslinjer

  1. Kronetillegg for midlertidige tilleggsoppdrag til teknisk-administrativt personale som midlertidig blir pålagt ekstra oppgåver som klårt går ut over det dei er pålagde i kunngjeringstekst/arbeidsinstruks, blir skjønnsmessig vurdert av den einskilde administrative leiar, og godkjent av instituttleiar. Storleiken bør normalt ikkje overstige 2-3 lønnstrinn i vedkommande si lønnsplassering på A-tabellen.
  2. Kronetillegg for midlertidige tilleggsoppdrag til vitskapleg tilsette blir vurdert og tildelt av instituttleiar. Instiuttleiar står i prinsippet fritt til å fastsetje tillegget, men følgjande veiledande satsar bør vurderast:
    1. For valde/administrative funksjonar på 3.nivå:
      1. For leiar i undervisningsutval kr 3000 per mnd for institutt eller kr 2000 per mnd, avhengig av størrelsen på forvaltninga. F.eks kr. 3000 for undervisningsleiarar på institutt som har over 50 masterkandidater i snitt kvart år, og kr. 2000 for dei som har under.
      2. For forskningsleiar/leiar i phd-utvalg kr. 3000 for institutt ellerkr. 2000 avhengig av størrelsen på forvaltninga. F.eks kr. 3000 for phd-leiarar som har opptak på på institutt som har over 20 phd-kandidatar i snitt kvart år, og kr. 2000 for dei som har under.
      3. For stedfortredande instituttleiar: Ikkje honorar, med mindre funksjonen er knytta opp til ein av funksjonane ovanfor.
      4. Andre, mindre byrdefulle oppdrag, bør normalt ikkje honorerast, men inngå i dei vanlege administrative pliktene.
    2. For leiing på 4. nivå
      1. For seksjonar med mindre enn 10 vitskapleg tilsette (inkl. stip.): kr 2000 pr mnd
      2. For seksjonar med 11-30 vitskapleg tilsette (inkl. stip.):kr 3000 per mnd
      3. For seksjonar med over 30 vitskapleg tilsette (inkl. stip.): kr 4000 per mnd
    3. For leiing av eksterne prosjekt: Normalt inngår leiingsbelastninga her i forskningsplikta, men for svært store og kompliserte prosjekt, for eksempel med fem eller fleire tilsette, og/eller eit totalbudsjett på over 20 (?) mill, kan instituttleiar godkjenne at prosjektleiar belastar prosjektet med eit kronetillegg. Tillegget bør ikkje overskride kr. 4000.
    4. For midlertidig leiing av andre spesielle einingar (for eksempel ved større installasjonar til bruk i laboratoriar eller felt. Instituttleiar vurderer, men rådfører seg med inst.leiarar ved institutt med samanliknbare forhold.
Publisert 24. nov. 2015 21:24 - Sist endret 20. feb. 2024 15:10