Retningslinjer for å tildele forsknings- og undervisningstermin ved Det teologiske fakultet

De reviderte retningslinjene ble vedtatt 24. november 2017.


1. Føremål

Føremålet med forsknings- og undervisningstermin er å fremje kvalitet i forskinga, gje høve til samanhengjande tid til forsking, utvikle undervisningsverksemd og drive pedagogisk utviklingsarbeid. Forsknings- og undervisningstermin er eit tilbod som alle fast vitskapleg tilsette kan søkje om og som dekanen tildeler etter visse retningslinjer. Sjå elles Retningslinjer for tildeling av forsknings- og undervisningstermin ved UiO.

2. Vilkår for å søkje om forsknings- og undervisningstermin

Fast vitskapleg tilsette (amanuensis, førsteamanuensis, professor) kan søkje om forsknings- og undervisningstermin dersom desse vilkåra er oppfylte:

  • Søkjaren har tent opp rett til å søkje forsknings- og undervisningstermin etter gjeldande reglar (punkt 3 nedanfor)
  • forsknings- og undervisningsterminen må støtte opp under fakultetets faglege utviklingsbehov
  • Søkjaren har forma ut ein konkret og gjennomførleg fagleg plan av høg kvalitet for bruken av terminperioden
  • I planen skal inngå refleksjonar knytt til mogleg prosjektutvikling med tanke på søknad om ekstern forskingsfinansiering
  • Søknaden bør innehalde eit element av internasjonalisering
  • Det ligg føre godkjend rapport om resultata av tidlegare forsknings- og undervisningstermin
  • Søkjaren skal i perioden etter siste forsknings- og undervisningstermin ha vore aktiv forskar, det vil seie ha publisert i godkjende kanalar registrert i Cristin.
  • Fakultetet har dekning for utgiftene knytt til vikar i samband med forsknings- og undervisningsterminen i den aktuelle perioden.

3. Opptening av forsknings- og undervisningstermin

Grunnlaget for å tene opp rett til å søkje forsknings- og undervisningstermin er teneste i fast vitskapleg stilling, der den tilsette oppfyller dei forpliktingane knytt til utdanningsaktivitet, forsking og administrasjon som er lagt til stillinga.

Tenestetid i mellombels vitskapleg stilling med undervisningsplikt, som blir følgd av direkte tilsetjing i fast stilling ved fakultetet, tel på lik linje med tenestetid som fast tilsett.

Som hovudregel er det to månader opptening for kvart tenesteår, dvs. seks månader forsknings- og undervisningstermin etter tre år. Maksimal samanhengjande terminperiode er normalt 12 månader. Tilsette som har tent opp forsknings- og undervisningstermin for meir enn 12 månader, kan normalt ikkje bli tildelt ny termin før ho/han har vore i ordinær teneste i minst eitt år.

Tilsette som har fått tildelt forsknings- og undervisningstermin, er friteken frå undervisning, administrative oppgåver og bedømmingsoppdrag ved fakultetet i den aktuelle perioden. Ein må søkje særskilt om å bli friteken frå pågåande vegleiingsplikt på master- og doktorgradsnivå.

For dekan og prodekanar som går attende til ordinær vitskapleg stilling ved fakultetet, gjeld reglar i Særavtale for valgt og tilsatt ledelse ved Universitetet i Oslo.

4. Sakshandsaming

Dekanen tildeler forsknings- og undervisningstermin på grunnlag av søknad frå den tilsette. Forskingsdekanen og studiedekanen uttaler seg om søknadene og prioriterer dei. I vurderinga og prioriteringa av søkjarane skal det i tillegg til vilkåra for å søkje forsknings- og undervisningstermin leggjast vekt på følgjande tilhøve:

  • Omfattande administrative oppgåver ved fakultetet sidan førre forsknings- og undervisningstermin
  • Faglege bedømmingsoppgåver sidan førre forsknings- og undervisningstermin
  • Status for undervisningsrekneskapen. Normalt skal forsknings- og undervisningstermin tildelast personar som ikkje har omfattande underleveransar på undervisning. Omfattande underleveranse er å forstå som tilsvarande undervisningsplikta for eit semester eller meir.
  • Omsynet til den samla undervisningsaktiviteten ved fakultetet
  • Særleg tyngande omsorgsoppgåver og høve for kvinner til å kvalifisere seg til toppstillingar

Søknad om forsknings- og undervisningstermin skjer i eit særskilt søknadsskjema på nett og må liggje føre innan 1. august året før vårsemesteret og 1. januar same året for haustsemesteret. Søknaden skal innehalde plan for aktiviteten og mogleg publisering. Rapport frå siste forsknings- og undervisningstermin og CV med oppdatert publikasjonsliste må lastast opp i søknadsskjemaet. Søknad om forsknings- og undervisningstermin skal sendast til forskingsrådgjevaren.

5. Rapport frå forsknings- og undervisningstermin

Den som har hatt forsknings- og undervisningstermin, skal sende inn ein rapport om resultata av terminen og planar for publisering. Rapporten må liggje føre innan ein månad etter at forsknings- og undervisningsterminen er avslutta. Rapporten kan bli følgd opp i medarbeidarsamtalar eller seinare vurdering av søknad om forsknings- og undervisningstermin.

Publisert 2. nov. 2015 15:55 - Sist endret 2. apr. 2019 12:05